fbpx

Ferievikarar

Søknadsfrist: 15.03.2021
Arbeidsgiver: Brønnøysundregistrene

Om stillinga

Har du lyst til å jobbe hos oss i sommar?  Brønnøysundregistera treng di hjelp til å gjere viktige oppgåver og har fleire ledige stillingar som ferievikar. Vi treng ferievikarar i perioden mai–september 2021.

Arbeidsoppgåver

  • saksbehandle rekneskap
  • registrere og kontrollere meldingar
  • svare på telefonar og handtere bestillingar frå kundar

Du må rekne med å arbeide noko overtid på ettermiddag og laurdag.

Kvalifikasjonar

Du må

  • beherske bruk av PC som arbeidsverktøy godt
  • ha god formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg

Det er fint om du også har

  • relevant praksis innanfor området

Personlege eigenskapar

  • du må like å jobbe saman med andre og vere positiv til dei arbeidsoppgåvene som må gjerast

Vi tilbyr

Stillingane er lønna med etterskotsvis timelønn i ltr. 23–39 i Statens regulativ (kr. 162,30 – 196,40 pr. time rekna ut frå ansiennitet). Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse frå lønna di.

Arbeidstida er i perioden 15.05. – 14.09. måndag–fredag kl. 0800–1500. Resten av året er arbeidstida 0800 – 1545.

Generelt

Brønnøysund er ein hyggeleg kystby med korte avstandar til jobb, fritids- og servicetilbod. Vi har full barnehagedekning og eit godt oppvekstmiljø i trygge omgivnader. For deg som liker friluftsliv er det mange moglegheiter for fine naturopplevingar til lands, fjells og i skjergarden. Vi har også eit rikt kulturliv, fleire treningssenter og idrettslag.

Vi ønsker ein arbeidsplass prega av mangfald, og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar, også deg med hol i CV, til å søke jobb hos oss. Opplysingar om nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV kan bli brukt til registreringsformål.

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan blir offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista, men du vil bli varsla om ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Vi ber om at du opplyser når du kan tiltre og kor lenge du kan jobbe. For å bli vurdert som søkar må du i tillegg legge ved CV, vitnemål/karakterutskrifter og attestar.

 

Ta gjerne kontakt

Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med gruppeleder Hildegunn Gansmo Bjørkan på tlf. 901 40 060 eller gruppeleder Knut Anders Vongraven på tlf. 971 97 450.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på tlf.: 75 54 22 20 eller e-post: kundeservice@jobbnorge.no

Se stillingen på NAV

Siste artikler

Vi respekterer ditt personvern

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer om dette under våre personvernvilkår. Ved å klikke på "Godta", samtykker du i bruken av slike teknologier.

Send inn ditt arrangement

1. Kontaktinformasjon vil ikke være synlig på arrangementet, og brukes kun av oss for å ta kontakt med deg om nødvendig.
2. Ditt arrangement vil bli evaluert før det publiseres.
3. Ved å benytte deg av vårt kontaktskjema, godtar du våre personvernvilkår.