fbpx
  • Konsert

Odd Nordstoga – Fatig ferdamann på tur

Event
Hvor: Vefsn , Mosjøen Kulturhus
Når: 17. februar 2021

Gå til arrangement

Med eit nytt album i beltet dreg Odd Nordstoga ut på ein turne ulikt det han nokon gong har gjort før. I trioformat, med trommer, bass og seg sjølv, skal koronaen trossast og konsertar leverast. På repertoaret er ein bunke nye songar, sjølvsagt iblanda nokre gode gamle.

Me er alle fatige ferdafolk på livsens landeveg, men på ferda høyrer musikken til. I to år har Nordstoga tenkt og grubla, pønska og spikka på det som no er ute som hans siste album «Fatig ferdamann». Det var ikkje i planen at det skulle koma ein pandemi som snudde opp ned på alt. Og vel har mykje blitt snudd opp ned, men å setje album på vent var ikkje fristande, det skulle koma når det skulle.

Med seg har Odd to av dei aller største på Noregs musikarhimmel. På trommer Torstein Lofthus og på bass Tor Egil Kreken. Begge fantastiske musikarar med lang fartstid i bandet til Nordstoga, men også kjent frå eit uttal andre konstellasjonar. Snart kjem tre svoltne ferdamenn til din konsertstad. Då er det ingen grunn til å sitja heime. Velkomen til konsert!

Arrangementer

Vi respekterer ditt personvern

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer om dette under våre personvernvilkår. Ved å klikke på "Godta", samtykker du i bruken av slike teknologier.

Send inn ditt arrangement

1. Kontaktinformasjon vil ikke være synlig på arrangementet, og brukes kun av oss for å ta kontakt med deg om nødvendig.
2. Ditt arrangement vil bli evaluert før det publiseres.
3. Ved å benytte deg av vårt kontaktskjema, godtar du våre personvernvilkår.